Gimle Planteskule

Kontaktinformasjon:

Adresse:
Vikøyvegen 340, 5600 Norheimsund
E-mail:
gimle@vestplant.no
Tlf kontor:
56 55 04 80
Mobil:
99 22 02 75
Mobil 2:
95 87 39 28
  • Silje Aksnes Daglig leder 99 22 02 75
  • Kristin Linga Kontor
  • Oddvar Byrkjeland Arbeidsformann/gartner
Om oss:

Gimle Planteskule ligg 4 km frå Norheimsund i midtre Hardanger. Norheimsund ligg 80 km sør for Bergen, ca. 1 time og 15 min. køyretid med bil. Klimaet er «fjordklima» med mykje nedbør og «normalt» ned til ca. minus 14º C om vinteren.

Planteskulen har allsidig produksjon med eit stort plantesortiment, men har størst produksjon av surjordsplanter (Rhododendron, Pieris m.m.). Mykje av produksjonen er frå eigne småplanter, men og frå innkjøpte småplanter. Produksjon av nye plantearter/sortar som høver i kystklima/fjordklima er høgt prioritert.
Nærleiken til Arboretet på Milde er i denne samanheng eit «godt naboskap».

Planteskulen har 4 fast ansette.

Produksjonsareal: 14000 m2 karplanteplass, 2100 m2 plasthus, 1050 m2 veksthus med oppvarming.
Hagesenter: Gimle har også eige hagesenter som opnar i april.